Gå til hovedinnhold

Club Sjøborg: Brothers in Arms


Henter programmet...

Er du glad i Dire Straits er dette kvelden for deg. Då gitarist Ketil Strand og bassist Lars Øverås spelte i sitt første band saman som tenåringar, var Dire Straits, med gitarist og låtskriver Mark Knopfler i spissen, eit av forbilda. Saman med fleire musikalske vener hyllar dei no sine gamle heltar med bandet "Brothers In Arms - A tribute to Dire Straits".

Brothers In Arms består av rutinerte musikarar frå Ålesund og Brattvåg med lang fartstid i ulike band i distriktet: Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand; gitar, Lars Øverås; bass, Bjørn Skjelten; trommer, Kjell Myklebust; tangentar, Sten-Even Holstad; gitar og Kjetil L.Ingvaldsen; sax.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 250,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

På Club Sjøborg er det flatt golv og småbord i salen, og Quality Hotel Ulstein sel forfriskningar i salen.