Bakarbandet med gjestar

Bilde av Bakarbandet sine 5 medlemmar.

Forestillinger

Henter programmet

Bakarbandet er tilbake på Club Sjøborg etter den vellukka konserten i mars 2025. Fullt hus og gode tilbakemeldingar – vi håper på tilsvarande stemning i januar 2026.

Bakarbandet har no desse musikarane med:

  1. Leiv Arne Nydal, fiolin
  2. Ronny Jakobsen, trommer og song
  3. Øystein Djupvik, bass og song
  4. Øyvin Sønnesyn, tangentinstrument og song
  5. Ståle Rasmussen, gitar, mandolin og song
Foto av Arnhild og Aurora Bjerkvik

I tillegg får bandet denne kvelden hjelp av fleire andre songsolistar, mellom andre Arnhild Bjerkvik som med si vakre stemme aukar enno meir spennet i musikken.

Bakarbandet er inspirert av norsk og skotsk/irsk folkemusikk, men også blues og rock. Variasjonen er stor, mykje musikk frå 70- og 80-talet, men også nyare låtar.

Leiv Arne Nydal har ein eigen bolk med vakre tonar frå sin fiolin, i tillegg til andre solistinnslag frå kjende stemmer i regionen - kortreist og lokalt.

Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 295,-