Gå til hovedinnhold

Club Sjøborg: Rak


Henter programmet...

Rak Marie er født og oppvokst i Eiksund, og dei fleste har nok haurt ho i ulike musikksamanhengar her heime. No er ho klar for å halde sin eigen konsert på Sjøborg, saman med bandet sitt.

Rak Marie er også kjent frå deltakinga i "The Voice" på TV2 i 2013. I ettertid har ho jobba fram mot å gi ut eigen musikk, og i mai 2015 ga ho ut sin første singel "I Won't", som etter kvart blei ein fast gjengongar på NRK Møre og Romsdal, samt nettradioar som Radio Ludo, Ordentlig Radio og Radio Ålesund. På spelefronten har ho mellom anna vore ein gjengongar på festivalen "Rock My Soul" og i tillegg opptrått på ei rekke lukka event.

Musikken hennar er full av følelsar og ulike stemningar som er tilnærma dagens popsjanger. Ho likar det massive lydbildet med ein overensstemmelse av programmerte og organiske lydar. Stema hennar har røtter frå Kelly Clarkson, Whitney Houston og Stacie Orrico. Dette blir ein perfekt miks av noko nyskapande.

Vi gler oss til å ynskje ho velkomen på Sjøborg med eigen konsert!

Club Sjøborg-konsertane er eit samarbeid mellom kulturkontoret i Ulstein kommune og Quality Hotel Ulstein. Det er flatt golv og småbord i salen, og hotellet sel forfriskningar i salen.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 150,-