Gå til hovedinnhold

Ørjan Burøe - Fordommer


Henter programmet...

Smak av Ulstein

I over 18 år har han reist rundt som komikar, men det er først no han står aleine og Ørjan står stolpestøtt.

Dette er ei forestilling som røskar deg i sjela og han beveger seg hårfint på knvieggen heile vegen. Med nærare 50 % skilsmisser i året meiner Ørjan det er på tide at ein tek seg sjølv, forholdet og borna på alvor.

Forestillinga tar tak i tabubelagte temaer som sjalusi, sorg, fordommar, men også dei trivielle kvardagslige ting vi kanskje ikkje snakkar så mykje om.

Ørjan er ein komikar med svært mykje på hjartet og det tok ikkje lang tid før bloggen hans var blant dei mest leste i Noreg. Med lang fartstid på radio, TV og ikkje minst scene er dette ei morosam og sterk forestilling med tette punchlines, som gjer at du ler og ler og ler og kanskje til og med gret ein liten skvett.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 320,-

18 års aldersgrense.

Showet er i festivaltelt på Kulturalmenningen.

Arrangør: Kulturkontoret i Ulstein og Ratata AS (servering).

Ungdom (18-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.