Gå til hovedinnhold

Neshornet


Henter programmet...

Fartsfylt komedie – med meining

Nashorna kjem. Alle samanfall med verklegheita i dag er naturlegvis fullstendig tilfeldig.

Vi er i ein fredeleg småby, der det plutseleg ein dag dukkar opp eit nashorn. Denne uventa hendinga diskuterast både høglytt og i det stille – på jobb, på kafé og rundt om i byen. Mange argumenterer med skråsikker skepsis. Nokon hevdar til og med at dei ikkje finnes. Litt etter kvart blir det klart at ingen kan føle seg heilt trygg for nashorna. Eller er det òg slik at nashorna er sterke, vakre dyr?

Kva er eigentleg skilnaden på menneske og dyr? Har vi eit nedarva biologisk behov for å være ein del av ei gruppe? Gjer det at vi – medvetne eller umedvetne – vel å tilpassa oss den gruppa vi ynskjer å være ein del av? Etter kvart som det blir fleire og fleire nashorn … kva gjer du?

For den noko apatiske Berenger – som likar å nyte sitt glas med vin i fred -  vert innmarsjen til nashorna litt av ein vekkjar. Kan han stå opp for og halda fast ved verdiane i eit samfunn der han tidlegare har kjent seg utanfor?

Når absurditetar vert faktiske tilhøve bør det kanskje ringja nokre alarmklokker? Ionescos klassikar er ein tidsaktuell tankevekkjar.

Av: Inesco
Oversettelse: Lisa Thomas Olsen
Regi: Viktor Tjerneld
Scenograf: Franciska Zahle
Lyddesign: Ida Jakobsen
Medvirkende: Bjørnar Lisether Teigen, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Lars Melsæter Rydjord, Vivi Sunde, Johanna Mørck, Linn Bjørnvik Grøder, Eline Øverby

Varighet: 2 timar 15 min inkl pause.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Tidligkjøp-pris frå 30.05-20.08 kr 240,-
Voksen kr 295,-
Born kr 150,-
Grupper (min.10 stk) kr 240,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.