Gå til hovedinnhold

Elskovsdrikken – miniopera av Donizetti


Henter programmet...

Minioperaen Elskovsdrikken er ei sprudlande og stadig like populær komedie.

Elskovsdrikken er ein opera Donizetti skreiv på oppdrag for Teatro della  Canobbiano i 1832.

Forestillinga vart raskt ein suksess, tileigna Milanos kvinner, spelt på operascener over heile verda. Det handlar om kjærleik, kjensler og forviklingar.

I rollene har vi sopran Gunda-Marie Bruce, tenor David Fielder og pianist Ilmi---Åse

Mathiesen. Alle med solid erfaring frå operascener i inn- og utland.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 250,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.