Gå til hovedinnhold

Avlyst: Finn Kalvik m/ gitar


Henter programmet...

Konserten med Finn Kalvik er dessverre avlyst grunna sjukdom. Alle som har kjøpt billettar på nett har mottatt epost. Til dei som har kjøpt billettar i Servicetorget eller i Kinokiosken, kan de ta kontakt med oss på sjoborg@ulstein.kommune.no eller 70017500 (mån-fre 08-16) for å få refundert kjøpte billettar.

Musikar og visesongaren Finn Kalvik har vore aktuell som artist i over 40 år. I 1981 vann han den norske finalen i MGP med songen «Aldri i Livet».

Finn Kalvik har samarbeida med mange artistar og også diktaren Inger Hagerup. Dei samarbeidde i ei årrekke, og Kalvik sette melodi til fleire av hennar dikt.

Kalvik sin største suksess var nok samarbeidet med Benny Andersson og innspelinga av albumet «Kom ut kom fram» i 1979 og «Natt og Dag» frå 1981, to album som til saman selde over 200 000 eksemplar i Norge.

Når Finn Kalvi tek med seg gitaren og besøker Sjøborg, vil i tillegg til «Aldri i Livet», også få høyre kjende og kjære songar som m.a. «Trøstevise», «Ride ranke», «Livets lyse side» og «Finne meg sjæl»

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 350,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.