Gå til hovedinnhold

Ulstein Storband - jubileumskonsert


Henter programmet...

Ulstein storband har halde på i 35 år og samla ei rikhaldig skattekiste med glansnummer frå mange ulike sjangrar. Dei inviterer til konsert med servering av gamle slagerar frå starten og fram til idag.

På menyen står både standardlåtar, klassiske storbandnummer og høgdepunkt frå suksesskonsertar. Songsolistar er Øyvind Granden Berg, Helga Hatløy Hagen og Trygve Sætre.

Vi er veldig glade for at Trygve Sætre er tilbake saman med oss på denne konserten, då han har vore den mest brukte vokalisten vi har hatt i seinare år.

Konserten startar så tidleg på kveld at dette kan vere forretten og eit godt oppspel om folk ønskjer å halde fram med ein god middag etterpå.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 270,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.