Gå til hovedinnhold

Christmas Dinner Show med Ulstein storband


Henter programmet...

Vi gjentek fjorårets suksess! 15. og 16. desember får du på nytt anledning til å oppleve Christmas Dinner Show, der vi kombinerer årets julekonsert frå Ulstein Storband med ein nydelig treretters julemeny hos Quality Hotel Ulstein! Dette er helga for å senke skuldrane, kjenne julestemninga legge seg både i kropp og sjel, og nyte flott og svingande storbandmusikk mellom herlige rettar!

Det blir servert storbandmusikk og song til ein treretters julemeny. Til hovudrett vert det servert ribbe, pinnekjøpt og mør. Lutefisk som hovudrett kan forhandsbestillast. Vi garanterer god stemning og nydleg mat i førjulstida.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Pris per person kr 975,- inkludert aperitif

For bordbestilling, send epost til q.ulstein@choice.no eller ring 70 01 30 00.

For spørsmål knytt til billettsal, send epost til annika.brandal@ulstein.kommune.no.