Gå til hovedinnhold

Adam Douglas med band


Henter programmet...

Amerikanaren Adam Douglas har for lengst etablert seg i Norge som ei av dei største soulstemmene det norske publikummet har sett, både som soloartist og frontfigur i bandet High Red. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spet og samarbeida med mange internasjonale storheter som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjiktet, som Marit Larsen, Frode Alnæs og Vidar Busk, har hatt den store gleda av å samarbeide med Adam.

Eit helt sjeldant særpreg kjenneteiknar Adams musikk og fantastiske stemmeprakt, der vi fort kan få assosiasjonar tilbake til dei ekte soul- og bluesrøttene frå heimlandet. Likevel famnar det musikalske uttrykket hans breidt, og anmeldarane sparte ikkje på godorda då debutalbumet, ”I May Never Learn”, blei sluppe i 2015. Frå same album hadde han stor suksess med låta "I Once Was An Honest Guy", som blant anna blei lista på NRK P1.

Med si "nice guy"-fremtoning, hatten på hovudet, og gitaren lada, er det ikkje ein fot som ikkje trampe takta inn i Adams musikalske univers. Publikum vil få oppleve ein folkeleg og ekte musikkleveranse som famnar det beste av pop, folkemusikk, RnB, country og rock'n roll!

I juni slapp han sin nyeste singel, "Your One And Only Man (Again)".

Han stakk nettopp av med seieren i NRK Stjernekamp, og dette er definitivt ikkje det siste vi har sett av denne karen!

BILLETTSALGET STARTAR I DAG (KL. 12.00)!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 370,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.