Gå til hovedinnhold

Nyttårskonsert med Ulf og HDU


Henter programmet...

Tradisjonen tru er Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps nok ein gong klare til Nyttårskonsert på Sjøborg Kulturhus. Laurdag 13. januar er vi stolte av å presentere nyttårskonserten for 18. gong!

Nyttårskonserten er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen for begge korpsa. I år er vi stolte av å igjen få samarbeide med fantastiske og dyktige solistar. Tenor Marius Roth Christensen og bariton Espen Langvik,  har begge besøkt oss tidlegare, men nå opptrer dei saman. Solistane har unike stemmer, og vi ser fram til ei fantastisk konsertoppleving. Det er berre å gle seg!

Marius Roth Christensen kjem frå Tønsberg, og har ei allsidig karriere. Han vart fyrst kjent som gitarist og vokalist i det velkjente norske rockebandet Seigmen, som var store på 90-talet. Marius gjekk utradisjonelt vidare til ei karriere som tenor innan opera. Han har gjennomført studier ved Østlandets Musikkonservatorium og Statens Operahøyskole. Marius har hatt mange store og små roller i forskjellige operaoppsetningar både nasjonalt og internasjolalt. Deriblant ”West Side Story”, ”Jesus Christ Superstar”, ”Den Glade Enke” og ”Tryllefløyten”. Marius er også ein aktiv konsertsongar, og har blant anna gjennomført den storslagne juleturnèen ”Hanne Krogh og Tre Tenorer”. Roth Christensen har sidan 2013 vore fast medlem av solistensemblet i Nasjonaloperaen. Han er også frilanssongar med oppdrag i ulike konsertar og forestillingar.

Espen Langvik kjem frå Larvik og er utdanna frå Rogaland Musikkonservatorium, Statens Operahøgskole og Mannes College of Music i New York, USA. Han har gjesta dei fleste operascener i Norge, og gjort roller som Figaro i både Barberen i Sevilla og Figaros Bryllup, Belcore i Elskovsdrikken, Zaren i Zar und Zimmermann, Alfio i Cavalleria Rusticana, tittelrolla i Eugene Onegin, Germont i La Traviata og Baron Scarpia i Tosca. Innan operettegenren har han hatt rollene Danilo i Den Glade Enke, Boni i Csardasfyrstinnen og Tassilo i Grevinne Mariza. Langvik budde to år i New York. Der studerte han og gjesta Chautauqua Opera, og gjorde stor suksess i rolla Mercutio i Romeo og Juliet. Ved Mannes College of Music song han tittelrolla i Don Giovanni, og Papageno i Tryllefløyten, der New York Times rosa Langviks varme og solide baryton stemme.

Vi er stolte av å få samarbeide med verdskjende og dyktige solistar. Det er korpsa sine dirigentar, Thomas Swatland og Arild Andenes, som har det musikalske ansvaret for Nyttårskonserten. Vi er glade for at Kjersti Kleven også i år vil lose oss trygt gjennom konsertane, som konferansier. Programmet for konserten vil vere variert og innhaldsrikt med flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Som vanleg har vi også nokre overraskingar på lur. Vi ynskjer alle musikkinteresserte hjarteleg velkomne til nok ein storslagen nyttårskonsert! Husk, billettsalet startar allereie 30. november.

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 330,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå torsdag 30. november kl 09.00.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.