Bobler med Dora og Bjørg Thorhallsdottir

Bobler

Bobler er eit humoristisk, inspirerende og livgivende underholdningsforedrag om det å tørre å ta heile deg i bruk. Slutte å be om unnskyldning for at du er du. Ta plass. Synes. Lev DITT liv.

Med mange eksempel frå eige, levd liv fortel systrene om sine hindringar, oppturar og nedturar. Dora bidreg med verktøy til korleis få meir tru på deg sjølv (det er tross alt jobben hennar som relasjonsterapeut), og gjer det med humor, medan Bjørg, som ein av Norges mest populære kunstnarar, pøsar på med fantastiske bilder. Ho har fokus på å inspirere til å vekke motet i deg, for å leve ut draumane dine og ta den plassen du er meint til å ta. Kva skal du med ei bleik, hyssingfarga utgåve av deg sjølv?

Vis fargane dine. Heile spekteret. Du er fantastisk! Jaggu på tide å tru på det.

Velkommen til eit slags foredrags-show med to damer som på ingen måte tar seg sjølv høgtidleg. Få tips, verktøy og inspirasjon, og le masse. Sett deg tilbake i stolen og nyt stunda!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21 og laur-søn 11-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 450,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.