Gå til hovedinnhold

Billettinformasjon


Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Reserverte billettar må hentast innan tre dagar etter reservasjonsdato. Er hentefrist same dag som forestillinga, må dei hentast seinast 30 minutt for forestillinga startar.

Ungdomsbillettar

 

 Møre og Romsdal fylke har blitt plukka ut av Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) til å delta på Kulturkort for ungdom. Ordninga Kulturkort for ungdom skal gi ungdommar i målgruppa opptil 20 år tilgang til rabatterte kulturbillettar i fylket. I Ulstein vil det i første omgang gjelde på kinobillettar og dei kommunale kulturarrangementa.

 

 Du kan kjøpe/reservere billetten på Servicetorget (man-fre, 9-15) og i kinokiosken. Du kan også reservere pr telefon til Servicetorget, 70 01 75 00. Denne billettkategorien er inntil vidare ikkje tilgjengleg for e-billett.

 

Ved kjøp av ungdomsbillett, må du kunne vise gyldig legitimasjon.

 

Billettkategoriar på kino:

 Born (under 15 år)

 Ungdom (15-20 år)

 Voksen (over 20 år)

 

 Sjølv om det ved fleire høve vil vere same pris for born og ungdom, både på kino og andre kulturarrangement, blir ikkje barnebillett godkjent for dei over 15 år.

 

Kjøp av billettar

 

E-billettar

 Du kan kjøpe e-billettar på nettsida her, ved å klikke på "Kjøp billettar" bak den aktuelle forestillinga.

 

 Billettane kan takast ut på printeren heime eller i Kinokiosken. Pass på at du får med strekkode på billettane dersom du printer dei ut heime. Om du vil hente dei i Kinokiosken er det viktig at du har med betalingskortet (evt dei seks siste sifra på kortet), samt e-referansa du får ved stadfesting av kjøpet.

 

Servicetorget ved Ulstein Rådhus

 Du kan kjøpe og reservere kino- og kulturbillettar på Servicetorget. Opningstider er måndag til fredag frå kl 08.00 til kl 16.00. Telefon 70 01 75 00.

 

Kinokiosken

Kinokiosken har ope 45 minutt før kvar kinoforestilling og andre arrangement. Her kan du både kjøpe og reservere.

 

Reserverte billettar må hentast innan tre dagar etter reservering. Billettane kan hentast i Servicetorget eller i Kinokiosken. Er hentefrist same dag som forestillinga, må dei hentast seinast 30 minutt for forestillinga startar.

 

NB: Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

 

Handikapplassar og følgjekort

 Ta kontakt med Servicetorget eller Kinokiosken for rullestolplassar og følgjekort-billettar. Sjå også eigen informasjon om kjøp av handikapplass.

 

Billettkategoriar

 På kino:

 Born (under 15 år)

 Ungdom (15-20 år)*

 Voksen (over 20 år)

 

 På andre kulturarrangement:

 Born (under 16 år)

 Ungdom (16-20 år)*

 Voksen (over 20 år)

 

 * Møre og Romsdal fylke har blitt plukka ut av KKD til å delta på Kulturkort for ungdom. Ordninga Kulturkort for ungdom skal gi ungdommar i målgruppa opptil 20 år tilgang til rabatterte kulturbillettar i fylket. I Ulstein vil det i første omgang gjelde på kinobillettar og dei kommunale kulturarrangementa. Ungdomsbillettar kan ikkje kjøpast på nett.