Nye kinostolar - og kort periode med stengt kino

kinostolar

No er det berre få veker til vi opnar "ny" kino med nye kinostolar! Men først skal golvet slipast og lakkast, gamle stolar skal demonterast og nye stolar skal installerast. Og vi må difor stenge kinoen frå mandag 11. til fredag 22. mars.

Vi opnar att laurdag 23. mars, med både nye filmar og "gamle" filmar på programmet, blant anna blir det ønskjereprise på årets store snakkis og Oscar-vinnar "A Star Is Born" - og det vert premiere på "Skammarens Dotter 2 Slangens Gåve". Heile opningshelga blir det film frå tidleg til seint! Programmet for 23. og 24. mars vert lagt ut før helga!

Vi gler oss!