Sjøborg kulturhus og kino held stengt

Sjøborg

Sjøborg kulturhus og kino er no stengt til og med torsdag 26. mars. Informasjon om deg som publikum finn du artiklen her.

Kjære publikum og engasjerte vennar av både Sjøborg kulturhus+kino og resten av kulturhusa/kinoane over heile landet!

Tusen takk for at de er tolmodige, og for at de er så positivt innstilt til å vere med på denne dugnaden for å stoppe koronaviruset. For det er det dette er, ein felles innsats som forhåpentligvis sikrar at vennar, familie, kollegaer og bekjente kan vere trygge i tida som ligg foran oss.

Som de no veit, er Sjøborg kulturhus og kino, i likheit med alle andre kulturinstitusjonar, no stengt frå og med i dag, 12. mars til og med torsdag 26. mars. I første omgong betyr dette at kinoframsyningar er avlyst og konserten med Trygve Skaug er flytta til september. Konserten med Rotlaus er også flytta, til november.

Alle som har kjøpt billettar på nett til våre framsyningar og arrangement, vil bli kontakta pr e-post, og same informasjonen vil bli lagt ut på nettside og Facebook-side over helga. Vi ber om at de har forståing for at ting tek nokre dagar no. Vi jobbar på spreng og har ein del avklaringar som vi ynskjer å ha på plass først. Har du spørsmål, ber vi om at dei blir sendt på e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no. I hovudsak vert desse svart på over helga.