Kinoen har opna att og vi ønskjer deg velkomen tilbake!

Sjøborg kino

Sjøborg kino gler seg over igjen kunne gi deg dei gode kinoopplevingane saman med venner og familie.

For å sikre deg ein trygg og god kinooppleving har vi fleire tiltak. På ei enkelt kinoframsyning vil det vere maksimalt 50 personar i salen og det skal være minimum 1 meters mellomrom mellom grupper. Grupper på inntil 5 personer frå same husstand kan gå saman, venner må kjøpe enkeltbillettar og 1 meters regelen gjeld. Dersom ein vennegjeng ønskjer å sitte på same rad med avstand kan de reservere billettar ved å sende e-post til annika.brandal@ulstein.kommune.no eller kristine.brungot@ulstein.kommune.

Kiosken er open som vanleg, men med maksimalt tre personar i kiosken samstundes.

Alle berøringsflater blir vaska mellom kvar framsyning. Dersom du er sjuk eller i karantene får du ikkje kome.

Som ansvarlig arrangør må kinoen vite kven som er på de ulike framsyningane. Du må derfor registrere navn, mobilnummer og e-post når du kjøper billett.