Dr. Bergland – Uten Grenser (prøveshow)

Jonas Bergland

Noreg sin morsomaste lege - Jonas Kinge Bergland - er klar med nytt standupshow, og vi får besøk i Ulsteinvik!

"Dr. Bergland uten grenser" er hans tredje soloforestilling og skal følgje opp debuten "Dr. Bergland og den alternative medisin" og gigantsuksessen "Dr. Bergland bryter taushetsplitken". Med eit utgangspunkt i bistand er det ingen grenser for kva han kan snakke om, men vi er sikre på at han held fram å levere smart og treffsikker humor som både engasjerer og får deg til å flire.

Sidan all statistikk viser at sunnmøringar er den mest representative populasjonen i landet, så har Bergland difor valt Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik når han skal sette opp Dr. Bergland – Uten Grenser – Prøveshow.

Så det er berre å gle seg! For når Dr. Bergland går på scena er det heller ingen grenser for kor bra det kan bli!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 315,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.