The Show - A Tribute To Abba

Abba

ABBA sin udødelege musikk er aktuell som aldri før. «ABBA – The show» presenterer Abba sin musikk og kostymer på ein slik måte, at vi alle kan skru tida tilbake til dei gylne åra i gruppa si storheitstid. Vi får ein konsert som inneheld alle dei kjende og kjære ABBA – låtane, presentert av eit fem manns orkester og dei fire medlemmane i gruppa «Arrival» som utgjer hovudpersonane i «ABBA – The Show».

På scena denne kvelden får vi også oppleve ABBA-musikar Ulf Anderson, og på to av songane kjem også barnekor frå Ulstein og Hareid på scena. Bernekoret frå Hareid deltek på fredagskvelden, medan barnekoret frå Ulstein er på scena laurdagskvelden.

I 2011 samla konsertane med ABBA – The Show heile 1100 besøkande på Sjøborg, så vi forventar fullt hus og stor stemning på konsertane også denne gongen.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 420,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.