Bjørn Eidsvåg

Eidsvåg

 

Bjørn Eidsvåg med band legg ut på haustturne, og fredag 7. desember vitjar dei Sjøborg kulturhus.

I haust er Bjørn Eidsvåg igjen klar for å legge ut på vegen, etter ei periode med fullt fokus på teatersuksessen "Etterlyst: Jesus". MEd seg på turne har han sitt framragande band og ein rikholdig katalog med kjente og kjære låtar.

Eidsvåg har nyleg spelt si siste teaterforestilling av "Etterlyst: Jesus", som har blitt spelt for fulle hus over heille landet. No gler han seg til å innta konsertscena igjen, og besøke landets krikar og krokar.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skreve ei rekke udødlege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historiefortellar, noko som får publikum til å vende tilbake år etter år.

Ein konsert med Bjørn og bandet er ei oppleving som egnar seg like godt i Oslo Spektrum som i mindre kyrkjer og kulturhus.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 450,-

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.