Så ha ei god jul, då! - Tenorane og Steffen Horn

Tenorane&SH1080 x 600.jpg

"Så ha ei god jul, då" er tittelen på den kritikerrosa julekonserten til Tenorane og Steffen Horn. Tenorane har etablert seg som ein av landets fremste songtrioar. I si blanding av alvor og humor har dei skapt julestemning over heile landet sidan starten i 2011.

Dei tre tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad utgjer stemmene. Med seg har dei pianist og multimusikar Steffen Horn. I år kjem dei med ein heilt ny konsert regissert og koreografert av Tore Nysæther.

Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom "Så går vi rundt om en enebær busk" og Bachs "Juleoratorium" vibrererjulefortellingane seg inn i ryggrada, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som er begava med evna til å sette strengar i bevegelse i mottagelege sinn.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 300,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.