Christmas Dinner Show med Ulstein storband

Christmas Dinner Show med Ulstein storband og lokale solistar har dei siste åra vorte både ein fin tradisjon og ein suksess på Sjøborg kulturhus. Her kan alt frå enkeltpersonar til bedrifter reservere plassar i salen og nyte kvelden.

Ulstein storband med lokale solistar serverer den beste julemusikken i sjangeren, medan Quality Hotel Ulstein serverer ein deilig treretters julemeny. Her kan du velje mellom pinnekjøt eller lutefisk som hovudrett.

Vi garanterer god stemning og nydeleg mat i førjulstida!

Sjå også hendinga Club Sjøborg: Jul med Ulstein storband, som er fredag 14. desember.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 975,-

For spørsmål knytt til billettsal, send epost til annika.brandal@ulstein.kommune.no.

For andre henvendelsar, send epost til q.ulstein@choice.no eller ring 70 01 30 00.

Overnatting
Treng du overnatting i samband med arrangementet? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.