Club Sjøborg: Jul med Ulstein storband

Julekonsert og Christmas Dinner Show med Ulstein storband har dei siste åra vorte både ein fin tradisjon og ein suksess på Sjøborg kulturhus. I år vert det Club Sjøborg-oppsett fredagskvelden, 14. desember, og Christmas Dinner Show laurdag 15. desember.

Ulstein storband med lokale solistar serverer den beste julemusikken i sjangeren, og du kan nyte kvelden saman med vennar, og kjøpe deg forfriskningar i baren til Quality Hotel Ulstein. Flatt golv og bord i salen.

Vi garanterer god stemning i førjulstida!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 250,-