Jussi Björling Festkonsert

Jussi konsert

- Musikken, musikaren og mennesket

Bror Magnus Tødenes fekk i 2017 Jussi Björlingsällskapet pris og har fleire gongar vorte invitert til Sverige. Seinare i år debuterar han på Kungliga Operan i Stockholm i rolla som som Alfredo Germont i La Traviata (Verdi). På den same scena la Jussi grunnlaget for si operakarriere. Jussi Björlingsällskapet er invitert til Ulstein og kjem for å kunne by på ei spesiell konsertoppleving.

Så no kan ein verkelig verte kjend med med Jussi Björling, - ein av musikkhistorias største songarar. Gjennom ein festkonsert med musikk frå fleire av glansrollene til Jussi; - i Romeo og Julie (Gonoud), Rigoletto (Verdi), La Bohème (Puccini), Perlefiskerne (Bizet) og mykje meir. Ariar, duettar, tersettar og kvartettar vert vevd saman med korte historier om Jussi Björling. Ein festkonsert som heidrar Jussi og songkunst av høgste klasse.

Publikum vert geleida gjennom eit rikhaldig program av kunnig representantar frå Jussi Björlingsälskapet. Dei har inngåande kjennskap til Jussi sitt liv og virke. Her kjem ein tett på musikken, musikaren og mennesket. Musikken vert framført av framifrå songarar, som dagleg står på dei store scenene i inn- og utland.

Tenoren Jussi Björling er rekna som ein av dei aller største songarane i musikkhistoria, og er for mange «tenoranes tenor». Han vart fødd i den vesle byen Borlänge i Dalarna i Sverige og fekk songundervisning av faren, David Björling. Jussi debuterte berre fem år gamal og han turnerte med brørne og faren i Sverige og USA som Björling-kvartetten. 19 år gammal debuterte han på Kungliga Operan i Stockholm og seinare i hadde han stor suksess i utlandet, m.a. song han ved Metropolitan-opera i New York fleire sesongar. Jussi vart ein av hovudattraksjonane ved «The Met» i 1940- og 50-åra. Han gjorde ei rad roller som har vorte ståande som referansar innan operakunsten. Han gjorde og mange plateinnspelingar og Jussi vert dagleg spelt på radio og TV over heile verda. Og vert stadig omsnakka og hylla av fagfolk og publikum.

 

Sjøborg kulturhus søndag 16. juni 2019 kl. 18:00

Jussi Björling Festkonsert
Medvirkande: Bror Magnus Tødenes (tenor), Siv Oda Hagerupsen (mezzosopran),
Ida Katrine Hagen Johansen (sopran), Lars Eggen (baryton) og Hallvard Fremstad (piano)
Jussi Björlingsällskapet v/ Stefan Olmårs og Roger Alderstrand

Dette arrangementet er eit av fleire som er ein unik sjanse å verte betre kjent med Jussi Björling. Sjå også arrangement på Eiksund samlingshus (foredrag og ynskjekonsert) og Sjøborg kino (“Jussi I våra hjärtan” – en film / dramadokumentar av Torbjörn Lindqvist).

Jussi Björlingselskapet vart skipa i 1989 og har til formål å fremje interesse og kunnskap om Jussi Björling sin songkunst, liv og karriere. Dei arrangerar medlemstreff og konsertar, utgjev medlemsmagasin og nyhendebrev. Dei delar årleg ut Jussi Björling prisen til ein lovande tenor.

Dette arrangementet er med støtte frå Jussi Björlingsällskapet.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 360,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med arrangementet? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.