Silje Nergaard

Silje Nergaard

Silje Nergaard fylte Sjøborg kulturhus på opningskonserten i juni 2007. Når Silje no er tilbake på Sjøborg, har ho med seg den anerkjende jazzpianisten Espen Berg. Espen mottok Norges største musikkpris under Moldejazz i 2016, og blir rekna som ein pianist i verdsklasse.

Duoen har plukka songer frå Silje sin store musikkatalog og gjer en «best of»-konsert med vakre versjonar av hennar mest kjende songar, bl.a. Be Still My Heart, The Waltz, Japanese Blue og Tell Me Where You’re Going.

Silje og Espen inviterer til ein nær, intim og eksklusiv konsert, - ei konsertoppleving som er rein medisin for øyrer, hjarte og sjel.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 370,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris (gjeld berre ordinær billett, ikkje juletallerken). Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.