Deilig er jorden

Deilig er jorden

Tenk å få ete is kvar dag!

Det er so herleg når alt kjennes bra. Alle er nøgde. Alle vil være ven med deg. Alle er lykkelege. Gløym alt det kjedelege og dumme. Alle problem er vekke. Livet er perfekt! Eller?

I det lyserøde landet er alle glade og nøgde heile tida. Den lyserøde Keisaren bur i eit lyserødt palass. Kvar dag opnar han dørene og inviterer alle inn til sitt fantastiske popshow! Han syng splitter nye låtar, i nye kule klede. Han er ei superstjerne!

Ein dag får dei uventa besøk. Ei jente har reist langt for å komme til palasset, fordi ho leitar etter nokon som har forsvunne. Keisarens reparatørar undersøker henne, og reagerer på nokon av orda ho seier. Dei prøver å få henne til å passe inn og bli som alle andre i det lyserøde landet. Ho mistenker at det er noko merkeleg som går føre seg. Tør ho stole på si eiga stemme? Vågar ho å avsløre den store løyndomen sin?

Deilig er jorden er ei leiken og musikalsk teaterframsyning, som handlar om å tørre å være seg sjølv og å stille spørsmål ved tilvære.

Velkommen til eit sukkertøy av ei teaterframsyning!

Premiere 25. mars 2020

Lengd Ca. 1 time

Målgruppe Fra 6 år

 

Instruktør Ingrid Askvik
Scenografi og kostymer Ida Grimsgaard
Musikk Felipe Noriega
Lysdesign Jonas P.A. Fuglseth
Manus Vera Krohn Svaleng
Medverkande Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Karine Sandberg og Anders Firing Aardal