Jul med Helene Bøksle / ny dato

Helene Bøksle

Gå ikkje glipp av årets vakraste julekonsert! Grunna endring i turne vert konserten fredag 4. desember. Til alle som har kjøpt billettar til første dato, er billettar gyldig på ny dato. Har du spørsmål, ta kontakt med oss på sjoborg@ulstein.kommune.no.

 

Helene si fantastiske stemme sørger for den perfekte julestemning! Helene har bygd opp ein av landets største juleturnear, og julekonsertane har til no blitt sett av nærare 100.000 publikummarar. Turneen "Det hev ei rose sprunge" har blitt ein fast juletradisjon for mange. Dette er konserten som skil seg ut - og som treff publikum i hjarterota. Stemninga er intim, varm og høgtidsstemt.

I år kjem Helene for første gong til Sjøborg kulturhus. Dette blir ein heilt spesiell førjulskveld med mellom anna songar frå Helene si juleplate "Det hev ei rose sprunge" som er blitt ein moderne norsk klassikar. Plata blei gitt ut i 2009 og har solgt over 60.000 eksemplar.

Anmeldelser av julekonserten til Helene:
Nesten overjordisk” Trønderavisa
“En av Norges vakreste stemmer» Tidens Krav
“En gyllen halvannen time” Fædrelandsvennen
“Helt magisk” Sarpsborg Arbeiderblad
"En fortryllende førjulspakke" Telemarksavisa

Helene har fleire av landets beste musikarar på turnéen; Sindre Hotvedt (piano), Markus Lillehaug Johnsen (gitar) og Jonas Kilmork Vemøy (perkusjon/trompet). Helene vil også opptre med lokale barnekor på utvalgte stadar. Gled dykk til ein fantastisk musikalsk førjulskonsert.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 515,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Viktig billettinformasjon - Covid-19
Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Er du sjuk, må du halde deg heime.

 

Har du behov for HC-plass eller har følgjekort? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.