To Rustne Herrer

To Rustne Herrer

"To Rustne Herrer" begynte som ein intern vits i studio for 25 år sidan. Onsdag 3. mars 2021 legg dei turen til Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus, med ein siste dans.

Jonas Fjeld var i studio for å gjere ferdig si andre norske plate med tekstar av Ole Paus då Ole kom inn og blei ståande å lytte til Fjeld som song "Sett bagen fra deg".

- Hva synes du? spurte Fjeld.
- Jeg synes vi kan ta med oss hver vår gitar og kalle oss "To Rustne Herrer"! svarte Paus. Alle lo.

Men det soms tarta som ein vits i studio, er i dag eit begrep over heile landet. Songane frå To Rustne Herrer er blitt allemannseie. Tallause par og enkeltpersonar har grått, ledd, forlova seg, gifta seg, festa og skilt seg, para seg, blitt døpt og begravd til og stått opp frå dei døde til songar frå To Rustne Herrer. Det held å nemne songar som "Engler i Sneen", "Tordensky", "Nerven i min sang", "Hun kom som en engel"... Ja lista er bortimot uendlig.

Men alt har si tid, og snart er tida med To Rustne Herrer over. Songane vil nok drive rundt på eigenhand ei lang stund endå, men dei to herrande i skinn og bein takkar for seg. Men før dei trekk seg tilbake, vil dei legge ut på ei heidundrande siste reise. Dei vil hente fram alt det som ein gong gjorde dei til allemanseige, og invitere alle dei som gjorde livet til ein fest til ein siste dans. Og så kan livet gå vidare.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 495,-
For større grupper (8 eller fleire), ta kontakt på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no.

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Viktig billettinformasjon - Covid-19
Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Er du sjuk, må du halde deg heime.

 

Har du behov for HC-plass eller har følgjekort? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.