Virvelvind

Virvelvind

Menneske og historier frå Ane Brun sin musikk blir levande på teaterscena. Ane Brun har sterke røter i Møre og Romsdal og har no omsett eigne låtar til dialekt; ut av desse spinn ei musikalsk framsyning om å våge å sjå livet og kjærleiken i auga.

Fem menneske møtes for første gong på ein fest – og idet festen er på høgdepunktet slår fasadane sprekkar og historier om kven dei eigentleg er kjem til syne. Alle med forventningar til eit liv som blei noko anna. Livet og kjærleiken, sorger og tap - dei sit fast i noko dei vil ut av og prøver så godt dei kan å finne ein veg vidare. Kan denne kvelden vere ei opning inn i noko nytt? 

Ane Brun har staka ut ein heilt eigen kurs i norsk pop og blitt ein folkekjær artist med sterk kunstnarleg visjon og tydeleg signatur. Ho er aktuell med to nye album: kritikarroste After the Great Storm og How Beauty Holds the Hand of Sorrow utgjeve hausten 2020.

Ane Brun sine tekster gjev utspring til ei forteljing om levd liv og nye sjansar. Nina Wester har skreve manus og Simon Revholt arrangert låtane for teateret. På scena står Teatret Vårt sitt ensemble og eit band spesielt samansett for teaterframsyninga Virvelvind.

Kreditering:
Av Nina Wester
Musikk og sangtekster  Ane Brun
Regissør Nina Wester
Scenograf og kostymedesigner Daniel Åkerström-Steen 
Musikalsk ansvarlig Simon Revholt
Band Sindre Klykken, Lauritz Skeidsvoll, Jo Inge Nes, TBA
Med Sara Fellman, Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen, Lars Melsæter Rydjord

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 430,-

For større grupper, ta kontakt på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no.

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Viktig billettinformasjon - Covid-19
Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Er du sjuk, må du halde deg heime.

 

Har du behov for HC-plass eller har følgjekort? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.