Hanne + Alexander = SANT!!!

Hanne + Alexander = SANT!!!

Laurdag 29. mai får vi besøk av Hanne Krogh og Alexander Rybak med "Hanne + Alexander = SANT!!! Dette gler vi oss til!

Felles er ein lidenskap for å underholde publikum og at dei begge har vunne sjølve finala i "Eurovision Song Contest".

Alexander Rybak er fiolinist, songar, komponist og artist av internasjonal toppklasse. Hanne Krogh er ein unik formidlar av tonar og tekst - med ei befriande humoristisk form.

Kva bringer dei saman? Svaret er ein sterk kjærleik til scena og ei gjensidig tru på at deira felles talent kan glede publikum med ei sprelsk, oppfinnsom, morsom og vakker konsert.

Artistar: Hanne Krogh, Alexander Rybak.
Songarar: Anne Tove Øvrebø, Hibbi Mannes, Ingebjørg Andrea Ådnanes.
Musikarar: Svein Ragnar Myklebust, keyboard. Knut Bjørnar Asphol, gitar. Alexander Rybak, fiolin.
Lydansvarlig: Espen Alexander Husby.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 495,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.