Den uendelige historien

Den uendelige historien

Ei fantastisk reise i tid og rom 

Ein dag finn Bastian ein mystisk bokhandel på veg heim frå skulen. Der inne blir han spesielt nysgjerrig på ei stor bok. Bastian opnar den, og får innblikk i den fantastiske verda Fantasia. Etter kvart viser det seg at den som les boka blir med i handlinga. Då kan det bli vanskeleg å finne vegen ut att.

Fantasia held på å forsvinne. Og ikkje nok med det - keisarinna har blitt sjuk og ingen veit kva som kan gjer henne frisk. Eventyrhelten Atreju må legge ut på ei lang og farefull reise for å finne ut av alt det merkelege som skjer. På vegen møter han rare figurar og skumle vesen. Han må også klare å komme seg gjennom tre magiske porter for å redde Fantasia. Til sjuande og sist er det Bastian som må løyse gåta. Korleis skal han greie det?  

Den uendelige historien er ei eventyrleg fortelling om leik, fantasi og barns måtar å sjå verda på. Bli med på ei reise inn i fantasien, kor spennande figurer og landskap utfoldar seg! 

Basert på bøkene med samme navn av Michael Ende
Forlag Nordiska Aps
Regi Ingrid Askvik
Scenografi, kostyme, masker Johanna Dahlbäck
Lysdesign Jonas P. A. Fuglseth 
Lyddesign Mathias Askvik 
Oversettelse og dramatisering Vera Krohn Svaleng 
Medvirkende Elias Moussaoui Anseth, Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset, Eline Øverby

Varigheit omlag 1 time og 30 min.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 180,-
Gruppepris kr 140,- (min. 4 stk)

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.