Scener fra et ekteskap

Scener fra et ekteskap

Tidlaust om kjærleik av Ingmar Bergman

Kva er det som får to menneske som elskar kvarandre så høgt til å bryte grenser og behandle kvarandre dårleg?

Marianne og Johan er det perfekte ektepar. Dei vil være gode med kvarandre; være ærlege, vise respekt og gi omsorg. Når kvardagslege irritasjonar eser ut, blir følelsen av å være misforstått overskyggande. Plutseleg er arbeidet med å grave skyttargraver i gang.

Bergmans portrett av parforhold i Scener fra et ekteskap har ei rå kraft som rører ved oss. Vi kjenner oss igjen i samtalen mellom dei, den angår oss alle. Nærleiken mellom dei to fyller scenerommet.

Scener fra et ekteskap kom først som TV-serie i 1973 og blei seinare både film og teater, sett av millionar verda over. Gifte som ugifte kjenner seg igjen i relasjonen mellom Johan og Marianne. Arne Lygre har laga ei moderne dramatisering som gir eit nært og ekte innblikk i dagens utfordringar i relasjonar og familieliv.

Kva bind oss saman? Kva driv oss frå kvarandre?  Korleis artar kjærleiken seg for oss, for deg og for meg? Scener fra et ekteskap er ei teateroppleving for alle. Ingen går fri frå kjærleiken.

Gripende kjærlighetsdrama. Romsdals Budstikke.
"Innsiktsfullt, lågmælt og intenst om den vanskelege kjærleiken". Klassekampen.

Publikum om Scener fra et ekteskap:
Dette var opptur!
Denne reisa sit i lenge

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 300,-
Gruppe kr 240,- pr stk (min. 10)

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Av Ingmar Bergman
Etter avtale med Josef Weinberger Limited, London
Dramatisert av Arne Lygre
Regi Tatu Hämäläinen
Visuelt konsept Tatu Hämäläinen og Philip Isaksen
Komponist Tatu Rönkkö
Lysdesign Phillip Isaksen
Med Bjørnar Lisether Teigen og Kjersti Botn Sandal

Framsyninga blir presentert i samarbeid med Josef Weinberger Limited, London, på vegne av Ingmar Bergman Foundation.