Secret Garden: Sacred Night

Secret Garden

Sjøborg kulturhus kan i år by på ein heilt spesiell og stemningsfull julekonsert. Det er første gong Secret Garden held julekonsertar i Norge, og då er det stas å få besøk av desse verdsartisane på Sjøborg kulturhus.

Dette vert ikkje ein konsert med tradisjonelle julesongar, men julesongar henta frå albumet «Sacred Night» ei samling nye julesongar som av Aftenposten sin kritikar vart omtala som «årets beste julealbum» i 2020.

Julealbumet og turneen er eit samarbeid med Secret garden sin faste vokalist, Cathrine Iversen. Secret Garden har med fullt band og også den høgt profilerte songaren Espen Grjotheim.

Vi kan love ein stemningsfull julekonsert, der vi også får gjenhøyr med «hits» og songskattar som «Nocturne» og «You raise me Up».

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 575,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.

 

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før/etter arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.