Knut Marius med band
Fra «6393» Tomrefjord til Neil Young og Pavarotti
Den sjarmerande Tomrefjordingen tok Norge med storm, då han med siger i Stjernekamp atter ein gong beviste at han er ein av Norges beste vokalistar. Neste år slepp han sitt første soloalbum på norsk. Albumet «6393» kjem 3. februar. Og ein månad etterpå kjem han tilbake til Fosnavåg!
I alle år har Knut Marius sunge på engelsk. No har han for første gong byrja å skrive på norsk, og då på eiga dialekt. Etter tre intense og lærerike år med oppturar og nedturar er endeleg resultatet her. Albumet heiter «6393», som er postnummeret til Tomrefjord. Utgangspunktet for albumet er å ta tak i det nære fundamentet i livet. Derfor handlar denne om heimbygda, nære mellommenneskelege relasjonar og kjærleik både på godt og vondt. Vi får også høyre Cocker sin «With a little help from my friends» og Knut Marius sin eigne, og rykande ferske versjon av Neil Young sin «Rocking in the free world.
Med fantastiske musikarar og produsentar er det no ein sound som byggjer opp under formidlinga til den sjelfulle romsdalingen. Konserten vil innehalde heile albumet, Stjernekamp og tidlegare utgjevingar. Vi skal frå populære eigne utgjevingar som «Kan du hjelpe me å hjelpe» og «Komme heim» til Nessun Dorma, Run to the hills og Anthem. Ein variert konsert med musikk som gjer at Knut Marius er der han er i dag. Velkomen!
På scena:
Vokal: Knut Marius Djupvik:
Trommer: Marius Simonsen
Bass: Jonny Sjo
Gitar: Tommy Kristiansen
Tangentar: Haakon-Marius Pettersen
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 470,-
Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.
Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.
Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).
Ynskjer du å ete før/etter arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.