Festkonsert med Ulf og HDU

Festkonsert Ulf/HDU 2022

Nyttårskonserten til Musikklaget Ulf og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps måtte grunna pandemien sine siste krampetrekningar i januar, flyttast til laurdag 11. juni. Korpsa er no i full gang med øvingane, og vi gler seg stort til å få opptre saman igjen. Men årstida gjer noko med oss. Varmare dagar og lysare kveldar gjer at beskrivinga «Nyttårskonsert» ikkje passar heilt. Den tek vi igjen neste januar. No ser vi fram mot sommar og inviterer derfor til FESTKONSERT på Sjøborg.

Grunna utsetjinga måtte dessverre eine solisten, Marius Roth Christensen, melde avbod til konserten grunna andre forpliktingar. Dette er synd, men vi er likevel veldig glade for at sopran og operasongar, Silvia Moi, tek turen til Ulsteinvik denne dagen. Ho vil framføre flotte operasvisker akkompagnert av storkorpset, som også vil levere solid og velklingande korpsmusikk. Det er berre å gle seg.

Vi er glade for at du som kjøpte billett til konserten i januar, har sett av tid og tek turen 11. juni. For deg som ikkje har billett, så har du framleis moglegheita. Vi har nokon ledige igjen (www.sjoborg.no).

Denne helga blir det også arrangert Smak av Ulstein, med eit yrande folkeliv i sentrum, frå morgon til kveld, så totalpakka er absolutt verdt å få med seg. 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 350,-
Born kr 220,- (gjeld på konserten kl. 16.00)

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før/etter arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.