Hilde Louise Asbjørnsen - Stardust

Hilde Louse Asbjørnsen

Musikar, komikar, skodespelar og no forfattar Asbjørnsen inviterer til sitt solo-show om åtte utrulege kvinneliv for 100 år sidan, då jazz var rock’n roll. Med eit teikneserieaktig glimt i auget og ved hjelp av nokon av århundrets største jazz-hits fortel ho om lagnaden til sine største musikalske heltinner: Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe.

«Stardust» er ei nyfeministisk fest-framsyning om synd, skam, ekstase og ambisjonar på oldemors tid. Historia blir ofte fortalt gjennom mannlege bragder. I «Stardust» fortel Asbjørnsen oss om tidenes gong gjennom liva til åtte av verdas store kvinnelege stjerner, artistar som braut barrierer og tabuar lenge før bh’en brann på slutten av 60-tallet. Både boka og framsyninga dykkjer ned i kampar, ambisjonar og sigrar mot alle odds i ei tid vi i dag ser på som kvinneundertrykkande og tungrodd. Framsyninga er fylt til randa av drivande musikalske nummer, backa av ein levande jazz-trio som er sterkt delaktig i å transportere oss frå New York i «dei glade 20-åra», via Berlin på sitt mørkaste og Paris på sitt villaste, til Kristiania på sitt mest uskuldige...

Det vert sal og signering av bøker etter showet.

Manus: Hilde Louise Asbjørnsen & Teodor Janson
Regi: Teodor Janson og Mattias Carlsson
Koreografi: Mattias Carlsson og Hilde Louise Asbjørnsen
Musikalsk leder: Anders Aarum
Lyddesign: Louise Lavoll
Lysdesign/scenografi: Alf Ove Fremmersvik
Kostymer: Cårejånni Enderud

Projeksjoner: Tore Sergei Myklebust
Grafisk design: Anna-Julia Granberg
Scenefoto: Tovita Razzi
Produsenter: Starworks AS & Sweet Morning Music AS

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 470,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før/etter arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.