Tvillingene

Tvillingene

Forviklingskomedie av Shakespeare 

Vi feirar 50-årsjubileum med ein ny versjon av den aller første framsyninga Teatret Vårt sette opp. Kjetil Bang-Hansen har børsta støv av manuset frå 1972 og flytta det til vår tid. I rollene som dobbelt sett med einegga tvillingar har vi henta inn radarparet Nils Vogt og Kim Haugen.

Tvillingene er ein komedie om kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn. Eit skipbrot skil to tvillingpar frå kvarandre. Det viser seg at begge tvillingpara oppheld seg på same stad under like namn, noko som skaper både forvirring og en slags gryande glede hos kona til ein av dei. Eit sirkus av misforståingar og komiske situasjonar utspelar seg før forvekslingane kan oppklarast. 

Teatret Vårt hadde hausten 1972 premiere på Tvillingene i Ørsta. Fire aktørar frå den opphavelege framsyninga kjem tilbake hausten 2022. Regissør Kjetil Bang-Hansen lager no ein heilt ny versjon saman med scenograf Helge Hoff Monsen. På scena møter vi et stjernelag med blant andre Kirsten Hofseth, Nils Vogt og Kim Haugen.   

Tvillingene reiser på turné i Møre og Romsdal  - det er 50 år sidan sist! Velkommen til jubileumsfeiring med latter, nye sprell og gjensynsglede! 

KREDITERING
Av
William Shakespeare
Regi Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostymedesign Helge Hoff Monsen
Med Nils Vogt, Kim Haugen, Kirsten Hofseth, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Ingrid Myhre Løvik m.fl.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 430,-
Jubileumspris kr 330,-
Gruppepris (min. 10 stk) kr 350,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.