Jo mere vi er sammen

Jo mere vi er sammen

Forvrengt om fellesskap og fogderi

Treng vi eigentleg å samarbeide med dei andre? Dei som er irriterande òg? Dei som ikkje løftar sin del, eller bidreg til fellesskapet? Og kva med dei som snakkar ein heilt anna dialekt og heiar på feil fotballag? Eller dei som drit i kor lang veg vi får til sjukehuset?

Dette er IKKJE ei framsyning om Møre og Romsdal. Kvar mogleg likskap med Møre og Romsdal eller fogderistrid er utilsikta, og eit kvart samanfall med verkelege personar og hendingar er heilt tilfeldig.

I Jo mere vi er sammen fabulerer vi over vilkåra til fellesskapet. Vi leiker med menneskelege mekanismar som både skil og bind oss saman. - For korleis står det eigentleg til med samhaldet i dag? 

Gjennom eit humoristisk og innimellom ganske grotesk vrengebilde blir vi tekne med til ei fordreidd, parallell verkelegheit. Her har ein mogleg borgarkrig kanskje funne stad, kanskje går den føre seg akkurat no eller kanskje kan den kome til å skje. 

Borgarkrig? tenkjer du kanskje. 
Vi ville vel aldri la det gå så langt, ville vi? 

Vel: Kom inn og sjå sjølv. 

Av Kjøllmoen/Vedel
Regi Leiv Arne Kjøllmoen
Scenografi og kostymedesign Freya Sif Hestnes
Lysdesign Jonas P A Fuglseth
Med Elias Moussaoui Anseth, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck og Olavus Frostad Udbye

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 350,-
Jubileumspris kr 250,-
Gruppepris (min. 10 stk) kr 280,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.