Puls

Puls

Forskrudd og morosamt om mennesket sin kamp med tilvære

Ein mann støyter på et digert, ukjent objekt: ein kube! Kuben er ein stor og rar masse fylt av energi. Den lever sitt eige liv: sluker, kokar, spyttar ut igjen. Mannen som  undersøker kuben klarer ikkje å styre den. Det utviklar seg til ein kamp! Han blir sugen inn i ei rekke hendingar der verda blir snudd på hovudet.  

Kuben er rester frå industrihistoria -  ein rusten mosaikk skapt av nysgjerrigheit og skaparkraft. Når vi lagar noko nytt så øydelegg vi òg alltid noko. Sjølv om vi trur vi har kontroll kan ting utvikle seg og bli rare og kanskje skumle – og kanskje òg forlokkande?

Saman med skodespelarane lager kuben ein rytme – ein puls fylt av svart humor, overdriving og rare perspektiv. Eit spanande lydunivers og visuelle effektar skaper overraskingar for både store og små. Puls er ei magisk og fysisk teaterframsyning om vår eksistens og vårt forhold til omgjevnadane.

Cirka Teater er eit av landets mest erfarne scenekunstkompani. Dei har produsert meir enn 40 framsyningar gjennom snart 40 år, som har spelt både nasjonalt og internasjonalt og fått mange utmerkingar. Vi på Teatret Vårt er stolte over å samarbeide med dei om Puls!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 180,-
Jubileumspris kr 130,-
Gruppepris (min. 4 stk) kr 140,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.