God jul - og velkomne på kino!

Snødronningen

Vi vil ynskje publikum og samarbeidspartnarar ei god jul, og velkomne på kino!

Juleprogrammet på kino er klart, og her er det mykje å velge mellom! Jula på kino startar 1. juledag med førpremiere på The Kings Man og premiere på The Matrix Resurrections! Vi har også premiere på familiefilmen Snødronningen (basert på HC Andersen sitt eventyr) og den italienska sjarmbomba Trøffeljegerne i Piomente i romjula. Det blir sjølvsagt også visningar av årets store julefilm Tre Nøtter til Askepott. Program og billettar under "kinoprogram" her på nettisda.

---

Onsdag 15. desember vart det innført nye koronatiltak som gjer at vi no har redusert antall publikum i salen på kulturarrangement og kinovisningar. Det er også påbudt med munnbind på Sjøborg, både i foaje og i salane, frå same dato, der ein ikkje kan overhalde ein meter. Spesielt gjeld dette inn og ut av salen.

Arrangementa som no ligg ute for sal, er opne for publikum, med fokus på godt smittevern og maks 50 stk i salen samtidig, slik anbefalingar og reglar er. Du kan fortsatt kose deg med popcorn som før, og vi har både premierer og "gamle" filmar på programmet!

Nokre av arrangementa og kinovisningar kan vi gjennomføre som planlagd, medan andre vert utsatt eller avlyst. Alle billettkjøparar som vert råka av endringar vert kontakta på e-post.

Ta kontakt med oss på sjoborg@ulstein.kommune.no om du saknar informasjon (sjekk spamfilter først). På grunn av stor pågang, vil det ta noko lengre tid en planlagt å få svar frå oss. Vi takkar for tolmodet.

Velkomne på besøk!