Legendariske Smokie til Ulsteinvik

Smokie

Konserten er flytta til Ulstein Arena.

Fredag 2. september kl. 15.00 legg vi ut 150 nye billettar, med plassering i tribuna. Desse plassane er unummererte billettar.

Laurdag 1.oktober er det klart for ein skikkeleg festkveld i Ulstein Arena. Då er den britiske gruppa  Smokie klare for å gi publikum ei skikkeleg dose udødelege hist. Fans frå heile nordvestlandet får ei sjeldan muligheit til å oppleve Smokie, på det som truleg er bandet sin siste turne til Norge.

Smokie er det evig populære bandet som slo gjennom med låta «If You Think You Know How to Love Me» i 1975. Året etter kom megahiten «Living Next Door to Alice» som blei liggande i hele 33 veke på VG-lista, lengre enn det nokon av Beatles sin hits hadde gjort!

Smokie held fram med å levere store hits som «Lay Back in the Arms of Someone» og «Have You Ever Seen the Rain» til langt ut på 90-tallet. Sidan den gong har Smokie halde på populariteten i Norge, og bandet kjem tilbake med jamne mellomrom for å tilfredstille den store og trufaste fansen.

Bandet har utselde konserten overalt dei kjem. Med Smokie på scena blir det garantert stemning i salen, når dei gode gamle låtane kjem på rekke og rad.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 595,-
Tribune kr 495,-

Overnatting og mat
Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.