Konsert med Baker Hansen på Snorrebuda
Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen.
Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål?
Sart. Sårt. Og samtidig uimotståeleg coolt - slik kan Chet Baker sin musikk skildrast.
Korleis lytter ein med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen?
Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?
Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.
På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).
***
Sigurd Rotvik Tunestveit: song og gjendiktingar Erling Skorpen: trompet Tore Flatjord: trommer Kjetil Jerve: piano Stian Andreas Egeland Andersen: kontrabass
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Det vert også billettsal i døra.
Billettpris
Ordinær kr 250,-
Student kr 100,-