Ingrid Bjørnov

Ingrid Bjørnov

Ingrid Bjørnov er Norges regjerande humorpianistinne, og i haust besøker ho Sjøborg kulturhus igjen!

Ho har levd fleire musikalske liv, først som halvparten av Dollie, den prisløna popduoen frå åttitalet som drog til London med musikalen Which Witch. Seinare som komponist, kapellmester og arrangør for teater og TV, før hun debuterte som soloartist rundt tusenårsskiftet.

Sist Ingrid Bjørnov var på Sjøborg kulturhus, var det med showet Steinway to Heaven. Denne gongen har Ingrid tatt med seg den innhaldsrike repertoarsekken sin, og er klar ved klaveret.

Vel møtt til ein humørfylt solokveld. NB! Konserten kan inneholde spor av allsang.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 470,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.