Peder Kjøs - “Lille du, store verden”

Peder Kjøs

I samband med Verdsdagen for psykisk helse, får vi besøk av psykolog og forfattar Peder Kjøs. Tema for foredraget er "Lille du, store verden".

Kven er du? Kva vil du? Tør du å vere deg sjølv? Eit underholdande og tankevekkande foredrag om dei heilt store spørsmåla i livet: om sjølvinnstikt, handlekraft og fellesskap, og om skam, angst og einsemd. Korleis kan vi samle oss og bruke kreftene våre til vårt eige og andre sitt beste i ein oppjaga, kaotisk verd som vår?

Foredraget bygg på kunnskap frå psykologi, filosofi, kunst og historie. Peder fortel også frå sitt eige liv og sin praksis som terapeut i meir enn tjue år.

Peder Kjøs er ein av dei leiande profilane innan psykologi og psykoterapi i Noreg. Som programleiar og terapeut på det anerkjente TV-programmet "Jeg mot meg" på NRK1 og gjennom podcastane "Hos Peder" og "God bedring", også distribuert av NRK, har han blitt eit svært kjent namn. Han skriv for nokon av dei største avisene i Noreg, og er ein ettertrakta foredragsholdar innan psykisk helse og mennesklege relasjonar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 300,-
Ungdom kr 150,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.