Bergen Filharmoniske Orkester

bergenfilharmoniske

med solist Sonoko Miriam Welde

Søndag 11.desember er det klart for ein musikkoppleving av dei sjeldne i Sjøborg kulturhus. Dette blir årets store adventskonsert, og vi kan love ein magisk kveld med fullt hus både på scena og i salen!

Bergen Filharmoniske Orkester har status som nasjonalorkester og kan som eit av verdens eldste orkester vise til ei historie heilt tilbake til 1765. Edvard Grieg var nær knytt til orkesteret, og var i åra 1880-82 orkesteret sin kunstnariske leiar. I dag er det Edward Gardner som er sjefdirigent for orkesteret som tel nær hundre musikarar.

I løpet av dei siste sesongane har orkesteret spelt i mellom anna BBC Proms i Royal Albert Hall, Wiener Musikverein og Konzerthaus, Carnegie Hall i New York samt Philharmonie og Konzerthaus Berlin, og no er altså turen komen til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Programmet for konserten er tredelt:
• Engelbert Humperdinck: Hans og Grete
• Max Bruch: Fiolinkonsert
• Peter Tsjaikovskij: Tornerose (Edward Gardner suite)

Konserten vert innleia med overtyren til Humperdincks musikk til eventyroperaen Hans og Grete. Avslutningsvis får vi høyre kanskje verdens vakraste ballett, Peter Tsjaikovskijs Tornerose. Ballettmusikken har alt: høytid, seremoni, magi og humor.

Hovudverket denne kvelden er Max Bruchs Fiolinkonsert. Her får vi høyre den norske fiolinisten Sonoko Miriam Welde som solist denne vakre, populære og eviggrønne fiolinkonserten.

Lokalt innslag

Så er det sjølvsagt litt ekstra stas, at vi har ein Ulsteinvikar mellom dei mange musikantane i Bergen Filharmoniske orkester. Gard Nørvåg Garshol har spelt i orkesteret sidan 2008. Etter unge år i Ulsteinvik skulekorps, har Gard si utdanning frå The Royal Conservatory i Toronto og mastergrad frå Cleveland State University.

Solist: Sonoko Miriam Welde
Dirigent: Edward Gardner

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 495,-
Born/ungdom kr 320,-

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.