Vårkonsert med Sissel

Sissel Kyrkjebø

Laurdag 22. april kjem Sissel med musikarar til Sjøborg kulturhus som ein del av hennar turne inspirert av årstidene si lyse vårstemning.

Den intime konserten vil innehalde mange av Sissel sine mest kjende og i tillegg fleire heilt nyskrevne songar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 600,-

Billettar i sal frå 1. desember kl. 09.00.

Overnatting og mat
Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein og Pir Bar & Restaurant. Ynskjer du overnatting i samband med kulturarrangementet, finn du dei beste prisane på Quality Hotel Ulstein si nettside (ekstern lenke).

Ynskjer du å ete før arrangementet? Meny og bordbestilling gjer du enkelt på www.pirbarogrestaurant.no.

Har du behov for HC-plass? Ta kontakt med oss på e-post annika.brandal@ulstein.kommune.no, Kafeen i Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) eller Kinokiosken.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt annika.brandal@ulstein.kommune.no.

Hotellpakke med Sissel Kykjebø - Book hotell og oppleving her: bit.ly/hotellpakkesisselkykjebo