Bursdag

Illustrasjon ballonger

Kvifor ikkje gjere bursdagsselskapet enkelt og gøy?

Del ei filmoppleving saman med vennane dine!

Måndagar og tysdagar kan du få ei eiga lukka kinosal kl. 17.30.

Dei andre vekedagane kan du også ha bursdagsfeiring, men då ser du film saman med andre publikummarar og forheld deg til dagens kinoprogram.

Pris:
Brus, popcorn/bacon og film ved ordinær visning: kr 170 per person
Brus, popcorn/bacon og film i lukka kinosal: Minstepris kr 3000,- og kr 200 per person utover 15 pers.

Mat:
Det er dessverre ikkje høve å ha med medbrakt mat/kake. Ta direkte kontakt med hotellet dersom de har ønskje om servering og/eller leige av møtelokale før eller etter kinovisninga.

For meir informasjon og/eller bestilling kontakt Sjøborg kino:
Mobil: 48259087
Epost kristine.brungot@ulstein.kommune.no

Vi ønskjer at selskapet skal vere i fylgje av vaksne inne i salen. Vi spanderer difor billett på inntil 2 vaksne som held auge med borna under filmvisninga.