Eg spelte på fløyte

Eg spelte fløyte

Forestillinger

Henter programmet

Eg spelte på fløyte er eit kyrkjebakkespel, lagt til Ulstein gamle kyrkjestad på 1840-talet.

Spelet byd på eit mangfald av episodar som alle kunne vere sanne, med gapestokk, drama og romantikk.

Det er eit spørsmål om å leve med: Å gråte med dei syrgjande og danse med dei glade, her i ytre strok.

Tematikken i spelet kjem frå Matt. 11,16-19: Om å spele på fløyte, der ingen ville danse- om å synge klagesongar der ingen ville sørgje eller gråte. Dette opnar for mange slags livssituasjonar på same kyrkjebakke. Vi møter: Johannes fiskar, Sota-Hans (demonen i stykket), Berte Kanutte Aarflot, Hulda/Torfinn (ungt par), «broren», klokkaren, Ezekiel (ein sjølvbestalta profet-skikkelse), Oluffa/Olina (gjennomgangsfigurar og tolkar-rollar i spelet), ein haugianar, og nokre små birollar.

Musikken er skreven av Henning Sommerro til dette spelet, og manuskriptet skreve av Jan Ove Ulstein.

Aktørar: Damekoret CorSonos, Gerd Vik Flø, Kristin Sundgot Ottesen, Ole Sande, Sigurd Myrene, Øyvind Christiansen, Aurora Bjerkvik, Øyvind Havåg, Ingrid Nerhoel, Trygve Sætre, Lasse Holstad og Stig Grimstad.

I tillegg eit orkester leia av kantor Ståle Helvig

Regissør: Dagfinn Olav Bye

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider).

Billettpris
Ordinær kr 320,-