Abid Raja: Min skyld - ei historie om frigjering

Abid Raja

Forestillinger

Henter programmet

Raja er ein samfunnsengasjert politikar og jurist, og tidlegare kultur- og likestillingsminister. Med glimt i auget og ei rørande forteljing om sitt liv, fangar han publikum og gir rom for ettertanke. Abid Raja har vore ein aktiv samfunnsdebattant sidan slutten av 1990-åra. Han er jurist, men er for folk flest kjend som den blide og inkluderande Venstre-politikaren som kastar seg ut i utfordringar med eit voldsomt engasjement.

Min skyld

  • Eit åpenhjertig foredrag om Abid Raja si turbulente klassereise, hans mangeårige kamp for kjærleiken og den smertefulle frigjeringa frå skam, skuld og utanforskap.
  • Forteljinga om korleis han måtte skjule smertene og handikappet han vart født med, skjule seg for valden og mobbinga - og om kjærleiken til den han elskar.
  • Få eit innblikk i Abid Raja si fortid, og hans veg til å bli ein velkjend politikar som er blitt kalt breial, brautande, poserande og dominerande.
  • Korleis frigjere seg frå dei vonde kjenslene? Og kva har gitt Abid Raja styrken til å kome så langt i livet som han har?
  • Foredraget gir håp om at vi kan vinne over det vonde, og inspirer til positiv framgang.

Foredraget er basert på boka “Min skyld - en historie om frigjøring” (2021)

Eit foredrag med Abid Raja gir deg:

  • Eit innblikk i Abid Raja sin vanskelige barndom, med omsorgssvikt, vald og mobbing.
  • Den brutalt ærlege historia om Raja si turbulente klassereise, hans mangeårige kamp for kjærleiken og den smertefulle frigjeringa fra skam, skuld og utanforskap.
  • Inspirasjon til korleis ein kan snu livet til det positive og gjere stor suksess.
  • Ein engasjerande og åpenhjertig foredragshaldar som rører publikum med si historie.

Abid Raja er ein norsk jurist og politikar for Venstre som har vore stortingsrepresentant for Akershus sidan 2013. Frå 2020 vart han nestleiar i partiet. Han var kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Solberg frå januar 2020 til oktober 2021.

Raja er fødd og oppvaksen i Oslo. Han vart cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2001 og tok mellomfag i kriminologi i 2000. Raja studerte menneskerettar ved University of Southampton i 2000 og tok ein mastergrad i forskingsmetodikk innan vitnepsykologi ved University of Oxford i 2004.

Før Raja vart heiltidspolitikar jobba han som advokat i mange år, var nemndleiar i Utlendingsnemnda, jobba som politiadvokat og var diplomat ved den norske ambassaden i New Delhi.

Politisk har Raja alltid vore oppteken av å skape samhald og fellesskap, av å inspirere, og av å byggje mentale bruer mellom majoritetssamfunnet og nye landsmenn, og han er ein aktiv og kjend samfunnsdebattant på fleire arenaer.

Abid Raja har gitt ut fleire bøker - blant anna sjølvbiografiane “Talsmann” (2008), “Min skyld. En historie om frigjøring” (2021) - Ei bok han fekk Bokhandlarprisen 2021 for, og som i 2021 vart blant dei mest selde bøkene i Norge. I denne boka deler han ikkje berre historien om eit barn utsett for omsorgssvikt og mishandling. Han deler også intime detaljar om ein sjukdom mange av oss kanskje ville ha holdt for oss sjølve. Han skriv også om sin kamp for kjærleiken og strevet i sitt ekteskap.

Abid Raja har ein sterk tilstadeverelse på scena, og fenger publikum med sin veremåte og sitt engasjement. Han fortel si historie, men deler også sine dyrekjøpte erfaringar om korleis ein kan lykkast sjølv om alt ser mørkt ut.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 390,-