Bjørn Henning Ødegaard – Skilt Pappa Sveiper Høyre

Bjørn Henning Ødegaard – Skilt Pappa Sveiper Høyre

Forestillinger

Henter programmet

Bjørn-Henning Ødegaard er klar med si andre soloforestilling: «Skilt pappa sveiper høyre».

Her får du servert fantastisk stand up med utgangspunkt i kva som skjer når ein småbarnsfar må finne kjærleiken på nytt - og set seg som mål å få 1000 matchar på Tinder.

Bjørn-Henning er ein mester i å finne humor i kvardagslige situasjonar vi alle kjenner oss igjen i.

Etter fleire strålande opptredenar på Latter Live på NRK, deltaking i Alle mot alle på TVNorge og ikkje minst som ein av programleiarane i den populære Konspirasjonspodden, nyt Bjørn-Henning stor suksess som komikar.

Går det like bra med kjærleiken?

Anten du er i eit forhold, er på vei inn i eit forhold eller du trivst best som singel er det garantert mykje å le av når ein showklar Bjørn-Henning inviterer til show der han byr på seg sjølv og haugevis av gode vitsar om den mystiske kjærleiken.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).

Billettpris
Ordinær kr 320,-
Gruppe (min 10 stk) kr 280,-/stk
Student (krev studentbevis) kr 220,-