"Ein draum" - Bror Magnus Tødenes og Olav Egge Brandal

Bror Magnus Tødenes og Olav Egge Brandal

Forestillinger

Henter programmet

Bror Magnus Tødenes og Olav Egge Brandal presenterer noko av den vakraste musikken skrive for song og piano.

Dichterliebe er ein songsyklus skrive i 1840 av Robert Schumann (1810- 1856). Dichterliebe kan omsettast til «diktarkjærleik». Schumann tonesette 20 songar etter dikt av Heinrich Heine, men då samlinga vart utgitt i 1844 var den korta ned til 16 songar.

Seks songar op. 48 vart utgitt i 1889 av Edvard Grieg (1843- 1907). Samlinga var påbegynt i 1844, men ikkje ferdigstilt før i 1889. Songane har tysk tekst med inspirasjon frå m.a Heine og Goethe. I samlinga finn vi ein av dei mest kjende songane hans- Ein traum (ein draum).

Grieg skreiv også seks songar op. 25. Desse er basert på Henrik Ibsens diktning og handlar om kjærleikslengsel. Her er både alvor og leik, tungsinn og vemod. Desse kom til i ei tung periode i livet hans, begge foreldra hadde nyleg gått vekk. «En svane» og «med en vandlilje» er kjende songar frå denne samlinga.

Slåtter op. 72 (Grieg), for solo piano, er folkemusikalske melodiar. Grieg var for travel og sendte sin kollega og medkomponist Johan Halvorsen for å nedteikne melodiane felespelaren Knut Dale spelte. Etter eit halvt års intens bearbeiding frå fele til piano, vart dei 17 slåttene utgitt i 1903. Originale og drivande har desse stykka fått ein sentral plass på repertoaret til pianisten.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 350,-